2. gongs utlysning
Lærar i grunnskulen
Saudaskulen treng fleire engasjerte lærarar i vikariat og faste stillingar frå 01.08.25
Me søkjer fagleg engasjerte og motiverte lærarar som vil bidra til eit trygt og godt skulemiljø, med fokus på klasseleiing, tilpassa opplæring og relasjonsbygging.
Sauda kommune har tre barneskular og ein ungdomsskule. Risvoll skule med ca 80 elevar, Fløgstad skule og Austarheim skule med ca 150 elevar og Sauda ungdomsskule med ca 185 elevar frå 01.08.25.
Arbeidsoppgåver
- Undervisning i ulike fag på ulike trinn
- Bidra aktivt i det skulebaserte kompetanseutviklingsarbeidet
- Samarbeid med føresette, kollegaer og eksterne partnarar
Kvalifikasjonar
- Godkjent undervisningskompetanse for grunnskulen
- Ønskeleg med kompetanse i minst eitt av faga norsk, matematikk eller engelsk
- Spesialpedagogisk kompetanse og fagkompetanse i musikk, kunst og handverk eller naturfag er eit pluss
- Gode digitale dugleikar - me nyttar læringsbrett i opplæringa
- God norskkunskapar, munnleg og skriftleg
Rekrutteringstiltak
- Dersom det ikkje er kvalifiserte søkjarar, kan Sauda kommune vurdere fast tilsetting på¨vilkår for søkjarar som er i et utdanningsløp som oppfyller krava for tilsetting som lærar. (Sjå forskrift til opplæringslova §12-2, §12-3 og §12-5).
- Undervisningskompetanse i norsk, matematikk, engelsk eller spesialpedagogikk bør vere eit av faga i utdanningsløpet.
- Søkjarane må kunne kombinere utdanninga med minst 50% undervisningsstilling.
- Fast tilsetting føreset fullført godkjent utdanning innan to år.
- Sauda kommune vil tilby den fleksibilitet søkjar treng for å kombinere undervisningsstilling med gjennomføring av studiesamlingar og praksisperiodar.
Me søkjer etter deg som
- Byggjer gode relasjonar og skapar eit trygt og godt klassemiljø
- Motiverer for læring gjennom variert og praktisk undervisning
- Er tydeleg, positiv og utviklingsorientert
- Har ambisjonar på vegner av alle elevane
- Brukar teknologi i undervisninga
- Samarbeider godt med elevar, føresette og kollegaer
- Bidreg aktivit til skulen si utvikling
Personlige dugleikar vil bli vektlagt.
Me kan tilby
Rettleiing for nyutdanna lærarar
Ein spanande og variert jobb
Pensjonsordning i SPK
Gode forsikringsordningar
Tilsettingsvilkår
Tilsettinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som følgjer av gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale for Sauda kommune. Ved tilsetting vil me krevje godkjend politiattest. Sauda kommune ønskjer å bidra aktivt til likestilling mellom kjønna. Me oppfordrar difor menn å søkje stillinga.
Søknad sendes
Sauda kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Me ber difor alle om å søkje via vårt elektroniske søknadssystem.
Dersom du treng hjelp med registrering av søknad, ta kontakt med lønns- og personalavdelingen på mail til lonn@sauda.kommune.no.
Me gjer oppmerksom på at opplysningar om søkjer kan bli offentliggjort sjølv om søkjeren ber om å ikkje bli oppført på den offentlege søkjerlista. Hvis du oppgir begrunnelse om å unntas fra offentlegheten i din søknad, og anmodningen ikkje tas til følgje, vil søkjer bli informert, jfr. offentlighetsloven §25.
Velkommen som søkjar!
Del på:
Fylke:
- Rogaland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Sektor:
Oppvekst
Stillingstype:
Lærar
Antall timar:
37,5 timer per veke
Søknadsfrist:
01.05.2025
Tiltreding:
01.08.2025
Arbeidsstad:
Sauda kommune
Kontaktpersonar:
mob: +47 92869593
Heimeside:
https://www.sauda.kommune.no/Adresse:
Rådhusgata 32 4200 Sauda