Sauda kommune

Sauda kommune søkjer

Morsmålsassistent

Sauda kommune søkjer morsmålsassistent i ukrainsk. Stillingen er 50% fast og er ledig frå 01.09.25.

Som morsmålsassistent blir du tilsett i grunnskulen i Sauda, og undervisning føregår ved alle grunnskulane. Det må påreknast reising mellom skulane. Stillingsstorleik varierer ut frå skulane sine innmeldte behov.

Morsmålsassistent skal være til hjelpe og støtte for elevar til å læra norsk og forstå norsk skule og samfunnsliv. Arbeidsoppgaver som ligg til stillinga er blant anna å være språkleg støtte i den ordinære undervisninga, delta i aktuelle samarbeidsmøter og være til hjelp og støtte i samarbeid med heim/skule. 

Krav til kompetanse 

  • Arbeidserfaring med barn og unge.
  • Relevant utdanning og /eller erfaring frå arbeid med barn og unge i skule/utdanning.
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg. Det krevst dokumenterte norskkunnskapar.
  • Gode IKT kunnskapar.

Me søkjer deg som 

  • har god samhandlingskompetanse
  • handterer ansvar og viser engasjement for læring
  • har jobba sjølvstendig og strukturert
  • er fleksibel og løysingsorientert

Personlege eigenskaper vil bli vektlagt.

Me tilbyr 
Ein spanande og variert jobb
Pensjonsordning i KLP/SPK 
Gode forsikringsordningar

Tilsettingsvilkår
Tilsettinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som følgjer av gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale for Sauda kommune. Ved tilsetting vil me krevje godkjend politiattest. Sauda kommune ønskjer å bidra aktivt til likestilling mellom kjønna. Me oppfordrar difor menn å søkje stillinga.

Søknad sendes
Sauda kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Me ber difor alle om å søkje via vårt elektroniske søknadssystem.

Vi gjør oppmerksom på at opplysninger om søkeren kan bli offentliggjort selv om søkeren ber om å ikke bli oppført på den offentlige søkerlista. Dersom du oppgir begrunnelse om å unntas fra offentligheten i din søknad, og anmodningen ikke tas til følge, vil søker bli informert, jf. offentlighetslovens §25.

Dersom du treng hjelp med registrering av søknad, ta kontakt med lønningskontoret på mail til lonn@sauda.kommune.no.

Velkommen som søkjar!

Del på:

Fylke:

  • Rogaland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Dag

Sektor:

Oppvekst

Antall timar:

37,5 timer per veke

Søknadsfrist:

14.09.2025

Tiltreding:

Snarest

Arbeidsstad:

Fløgstad skule

Kontaktpersonar:

Ellen Tveit

Stilling: Rektor, Fløgstad Skule

mob: +47 92869593

Adresse:

Rådhusgata 32 4200 Sauda

Kart: