Sauda kommune

Sauda kommune søkjer

Avdelingsleiar for SFO

Vil du vere med å utvikle eit inkluderande og trygt SFO-tilbod for barn i Sauda? 

Sauda kommune har tre barneskular, som alle har SFO-tilbod for barna i 1. – 4.klasse, og for eldre elevar med særskilte behov. Som ein del av laget for å styra og leia SFO, søkjer me etter ein felles avdelingsleiar for SFO som er utviklingsorientert og strukturert, god på samarbeid og relasjonsbygging, og har målet om eit inkluderande fellesskap for alle som overordna rettesnor for alt arbeid som blir gjort.
Stillinga er 100 % fast, fordelt mellom 75 % administrasjon og 25 % i drift. Arbeidsgjevar er rektor ved Austarheim skule, og arbeidsstad blir fordelt mellom skulane. Kvar SFO vil ha ein fagarbeidar som er koordinator og har eit ansvar for nokre av dei praktiske oppgåvene i den daglege drifta.

Arbeids- og ansvarsområde

Leiing og styring av drift og utvikling av SFO-tilbodet, deriblant:

  • Utarbeide årsplan for SFO saman med dei tilsette, basert på rammeplan.
  • Planleggja innhald i SFO saman med dei øvrige tilsette.
  • Leia samarbeids- og utviklingsmøter med tilsette etter kommunal modell for lokal kompetanseutvikling, inkludert deltaking i Læringsmiljøprosjektet.
  • Kontakt og samarbeid med skuleleiing ved kvar skule, for heilskapeleg blikk på barna sin kvardag i skule og SFO.
  • Oppfølging av barn og gruppe etter BTI-modellen. Inkludert samarbeid med PPT og andre tenester i laget rundt barnet.
  • Følgje opp saker ift trygt og godt miljø i SFO.
  • Informasjon, kommunikasjon og samhandling med føresette.
  • Personalansvar for tilsette som kun har SFO som arbeidsplass. (Rektor har personalansvar for tilsette som har delt arbeidsplass mellom skule og SFO.)
  • Arbeidsplan for tilsette
  • Vikarhandtering for SFO, i samarbeid med koordinator
  • Organisering av tilsette ved samlokalisert tilbod i feriar

Krav til kompetanse

  • Godkjend pedagogisk høgskuleutdanning (grunnskulelærar, barnehagelærar eller tilsvarande)
  • Erfaring fra arbeid med born er ønskeleg.
  • Gode IKT-dugleikar
  • God norskkunnskap, både munnleg og skriftleg.

Personlege dugleikar vil bli vektlagt

Me søkjer etter personar som

  • er god til å byggja lag/kan relasjonell leiing.
  • vågar å tenke nytt når det me gjer ikkje fungerer.
  • har mot og evne til å styra og leia.
  • er fleksibel, strukturert og effektiv i ein hektisk kvardag

Me kan tilby
En spanande og variert jobb
Pensjonsordning i SPK/KLP
Gode forsikringsordningar

Tilsettingsvilkår
Tilsettinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som følgjer av gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale for Sauda kommune. Ved tilsetting vil me krevje godkjend politiattest. Sauda kommune ønskjer å bidra aktivt til likestilling mellom kjønna. Me oppfordrar difor menn å søkje stillinga.

Søknad sendes
Sauda kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Me ber difor alle om å søkje via vårt elektroniske søknadssystem.

Vi gjør oppmerksom på at opplysninger om søkeren kan bli offentliggjort selv om søkeren ber om å ikke bli oppført på den offentlige søkerlista. Dersom du oppgir begrunnelse om å unntas fra offentligheten i din søknad, og anmodningen ikke tas til følge, vil søker bli informert, jf. offentlighetslovens §25.

Dersom du treng hjelp med registrering av søknad, ta kontakt med lønningskontoret på mail til lonn@sauda.kommune.no.

Velkommen som søkjar

Del på:

Fylke:

  • Rogaland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Sektor:

Oppvekst

Antall timar:

37,5 timer per veke

Søknadsfrist:

30.09.2025

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Sauda kommune

Kontaktpersonar:

Adresse:

Rådhusgata 32 4200 Sauda

Kart: