Oppvekst søkjer
Barne - og ungdomsarbeidar
Som ledd i ei målretta satsing på heiltidskultur for tilsette i SFO har vi no gleda av å lyse ut faste heiltidsstillingar. Stillingane kan ha arbeidsstad i skule og/eller barnehage, anten samla på ein stad eller fordelt mellom to arbeidsstader. Dette gir ein variert og spennande arbeidskvardag med breidde i erfaring og oppgåver.
Det kan bli fleire ledige stillingar av same type i løpet av tilsettingsprosessen.
Brenn du for å skape gode kvardagar for barn og ønskjer å vere med på å utvikle eit trygt, godt og inkluderande læringsmiljø? Då håpar vi du søkjer hos oss. Vi har stillingsbehov både frå no og frå 01.08.2026. Hos oss møter du eit varmt, fagleg sterkt og samarbeidande kollegafellesskap som arbeider for at både barn og tilsette skal trivast, utvikle seg og lukkast.
Arbeids- og ansvarsområde
- Skape og støtte eit trygt, inkluderandre og utviklande miljø for barn og unge
- Følgje opp elevar i skulekvardagen, både fagleg og sosialt
- Planleggje og gjennomføre aktivitetar i SFO
- Samarbeid med kollegaer i skule og SFO
- Bidra til gode rutinar, struktur og kvalitet i det daglege arbeidet
- Arbeidsdagen kan og innebere 2-3 timar dagleg i ein av barnehagane, der du nyttar kjøkkenarbeidet som pedagogisk arena og legg til rette for læring, meistring og meiningsfullt samspel med ei mindre gruppe barn
Krav til kompetanse
- Fagbrev innan barne- og ungdomsarbeidarfaget er ønskjeleg
- Søkjarar med andre relevante fagbrev vil og bli vurdert
- Relevant og dokumentert erfaring kan kompensere for manglande fagbrev, arbeidsgivar kan leggje til rette for gjennomføring av fagbrev
- Gode digitale ferdigheiter
- Gode norskferdigheiter, munnleg og skriftleg
Me søkjer etter personar som
- er trygg, tydeleg og varm i møte med barn
- har gode samarbeidsevner og bidreg positivt i arbeidsmiljøet
- er fleksibel, løysningsorientert og strukturert
- byggjer gode relasjonar og skapar ein føreseieleg kvardag
- er engasjert og initiativrik
Personleg eignethet vil bli vektlagt.
Me kan tilby
- Ein meningsfull stilling der du gjer ein skilnad i kvardagen til barn og unge
- Eit inkluderandre og fagleg sterkt arbeidsmiljø
- Varierte arbeidsoppgåver og moglegheit for kompetanseutvikling
- Løn etter gjeldande tariffavtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Informasjon om sletting av utdanningsgjeld/studielån
Tilsettingvilkår
Søknad sendast
Sauda kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Vi ber difor alle om å søkje via vårt elektroniske søknadssystem. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, ta kontakt med lønns- og personalavdelinga på e‑post til lonn@sauda.kommune.no.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren ber om å ikkje bli ført opp på den offentlege søkjarlista. Dersom du oppgjev grunn for å bli unnateken frå offentleg innsyn i søknaden din, og anmodninga ikkje blir teken til følgje, vil søkjaren bli informert, jf. offentleglova § 25.
Velkommen som søkjar!
Del på:
Fylke:
- Rogaland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Sektor:
Oppvekst
Antall timar:
37,5 timer per veke
Søknadsfrist:
09.03.2026
Tiltreding:
Etter avtale
Arbeidsstad:
Oppvekst
Kontaktpersonar:
Heimeside:
https://www.sauda.kommune.no/Adresse:
Rådhusgata 32 4200 Sauda