Sauda kommune Oppvekst

Sauda kommune har ledige stillingar som

Lærar i grunnskulen

Saudaskulen har behov for fleire engasjerte lærarar i vikariat frå 01.08.26 – 31.07.27.

Søkjarar som oppfyller tilsettingskrava og har godkjent undervisningskompetanse i fag skulen har særleg behov for, kan bli vurdert for fast tilsetting.

Vi søkjer fagleg engasjerte og motiverte lærarar som vil bidra aktivt i det profesjonelle læringsfellesskapet og medverke til eit trygt, godt og inkluderande skulemiljø.

Sauda kommune har tre barneskular og ein ungdomsskule. Risvoll skule med ca 70 elevar, Fløgstad skule og Austarheim skule med ca 140 elevar kvar, og Sauda ungdomsskule med ca 185 elevar frå 01.08.26.

Arbeidsoppgåver

  • Undervisning i ulike fag på ulike trinn
  • Bidra aktivt i skulen sitt kollektive kompetanseutviklingsarbeidet
  • Samarbeid med føresette, kollegaer og eksterne partnarar

Kvalifikasjonar

  • Godkjent utdanning for å bli tilsett i lærarstilling
  • Relevant kompetanse i undervisningsfag
  • Det er ulike behov for undervisningskompetanse ved skulane, men aktuell undervisningskompetanse kan vere: Norsk, matematikk og/eller engelsk, gjerne kombinert med tilleggsutdanning i spesialpedagogikk, musikk, kunst- og handverk, spansk, tysk. Andre fag kan også vere aktuelle.
  • Gode digitale dugleikar - me nyttar læringsbrett i opplæringa
  • God norskkunskapar, munnleg og skriftleg

Me søkjer etter deg som 

  • Byggjer gode relasjonar og skapar eit trygt og godt klassemiljø
  • Motiverer for læring gjennom variert og praktisk undervisning
  • Er tydeleg, positiv og utviklingsorientert
  • Har ambisjonar på vegner av alle elevane
  • Brukar teknologi i undervisninga
  • Samarbeider godt med elevar, føresette og kollegaer
  • Bidreg aktivit til skulen si utvikling

Personlige dugleikar vil bli vektlagt.

Me kan tilby

  • Rettleiing for nyutdanna lærarar
  • Ein spanande og variert jobb
  • Pensjonsordning i SPK
  • Gode forsikringsordningar 

 

Tilsettingsvilkår

Tilsettinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som følgjer av gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale for Sauda kommune. Ved tilsetting vil me krevje godkjend politiattest. Sauda kommune ønskjer å bidra aktivt til likestilling mellom kjønna. Me oppfordrar difor menn å søkje stillinga.

Søknad sendes

Sauda kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Me ber difor alle om å søkje via vårt elektroniske søknadssystem.

Dersom du treng hjelp med registrering av søknad, ta kontakt med lønns- og personalavdelingen på mail til lonn@sauda.kommune.no.

 

Me gjer oppmerksom på at opplysningar om søkjer kan bli offentliggjort sjølv om søkjeren ber om å ikkje bli oppført på den offentlege søkjerlista. Hvis du oppgir begrunnelse om å unntas fra offentlegheten i din søknad, og anmodningen ikkje tas til følgje, vil søkjer bli informert, jfr. offentlighetsloven §25.

 

Velkommen som søkjar!

Del på:

Fylke:

  • Rogaland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Sektor:

Oppvekst

Stillingstype:

Lærar

Antall timar:

37,5 timer per veke

Søknadsfrist:

17.04.2026

Tiltreding:

01.08.2026

Arbeidsstad:

Grunnskulen i Sauda

Kontaktpersonar:

Elisabeth Åsheim

Stilling: Rektor Risvoll skule

mob: +47 476 57 830

Ellen Tveit

Stilling: Rektor Fløgstad skule

mob: +47 92869593

Hilde Åbø Eeg

Stilling: Rektor Austarheim skule

mob: +47 91359978

Lars Terje Sandvik

Stilling: Rektor Sauda ungdomsskule

mob: +47 41619546

Adresse:

Rådhusgata 32 4200 Sauda

Kart: