Sauda kommune Oppvekst

Austarheim skule har ledig vikariat for skuleåret 2026/2027

Lærar

Austarheim skule søker ein engasjert og dyktig lærar i 100 % vikariat perioden 01.08.26-31.07.27.

Austarheim skule er ein barneskule med om lag 140 elevar. Skulen har eit positivt og støttande arbeidsmiljø der samarbeid, relasjonsbygging og fagleg utvikling står sentralt. Vi arbeider for at alle elevar skal oppleve meistring og tilhøyrsle i ein trygg kvardag.

Arbeidsoppgåver

  • Undervisning, planlegging og vurdering i samsvar med gjeldande læreplanverk
  • Skape eit trygt, inkluderande og godt læringsmiljø
  • Samarbeid med kolleger, leiing og føresette
  • Aktiv deltaking i utviklingsarbeidet ved skulen 

Kvalifikasjonar

  • Godkjend lærarutdanning for grunnskulen
  • Erfaring frå undervisning i barneskule er ønskjeleg
  • Gode digitale ferdigheiter
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg

Me søkjer etter deg som

  • Er ein tydeleg og trygg klasseleiar
  • Har gode relasjonelle ferdigheiter
  • Er fleksibel og løysingsorientert
  • Bidreg positivt til fellesskapet og arbeidsmiljøet

Personlige dugleikar vil bli vektlagt.

Me kan tilby

  • Ein spanande og variert jobb i gode profesjonelle læringsfellesskap
  • Pensjonsordning i SPK
  • Gode forsikringsordningar 

Tilsettingsvilkår

Tilsettinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som følgjer av gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale for Sauda kommune. Ved tilsetting vil me krevje godkjend politiattest. Sauda kommune ønskjer å bidra aktivt til likestilling mellom kjønna. Me oppfordrar difor menn å søkje stillinga.

Søknad sendes

Sauda kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Me ber difor alle om å søkje via vårt elektroniske søknadssystem. Dersom du treng hjelp med registrering av søknad, ta kontakt med lønns- og personalavdelingen på mail til lonn@sauda.kommune.no.

Vi gjør oppmerksom på at opplysninger om søkeren kan bli offentliggjort selv om søkeren ber om å ikke bli oppført på den offentlige søkerlista. Dersom du oppgir begrunnelse om å unntas fra offentligheten i din søknad, og anmodningen ikke tas til følge, vil søker bli informert, jf. offentlighetslovens §25.

Velkommen som søkjar!

Del på:

Fylke:

  • Rogaland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Sektor:

Oppvekst

Stillingstype:

Lærar

Antall timar:

37,5 timer per veke

Søknadsfrist:

08.06.2026

Tiltreding:

01.08.2026

Arbeidsstad:

Austarheim Skule

Kontaktpersonar:

Adresse:

Rådhusgata 32 4200 Sauda

Kart: